Men eg held døra på gløtt. Om sporten skulle bli meir interessant og givande utover sesongen, er eg åpen for det. Såpass skuldar eg ein gammal ven. Og Arne Scheie. Av og til ser eg på i rein lojalitet for Arne Scheie. Ingen vil vel skuffe han. Men nå ser det altså ut som eg må gjer det, sporten er for kjedeleg. 10 000 meter på skøyter er meir interessant. Og det seier vel dessverre sitt.
søndag 28. november 2010
I undring
Det er med undring eg registrerer at mi interesse for hoppsporten har gått signifikant tilbake i inngongen til denne vintersesongen. I dag, då det første individuelle rennet gjekk av stabelen, var motivasjonen for å sjå på såpass liten at eg heller las om kvarkar og elektron enn å sjå på rennet. Det skjedde automatisk, ikkje-viljestyrt, og gjentok seg både i første og andre omgang. Berre dei ti siste hoppa fekk min fulle oppmerksomhet. Eg må vel berre innsjå det, hoppsporten har aldri vore mitt hjerte spesielt nær. Og nå har me rett og slett vokst endå meir frå kvarandre.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar