søndag 7. november 2010

.com-back

Det er lenge sidan sist. Lenge. Grunnane er mange, men kan oppsummerast i ordet umotivasjon. Det er kanskje litt rart å gjer comeback nå, samme dag som Tippeligaen er ferdig for i år. Men kanskje er det nettopp på ein slik tung dag at det er behov for noko nytt som kan gi folk meining i liva sine, iallfall inntil neste års sesong blir sparka i gong. Inntil Valon Berisha igjen briljerer og utfører tekniske finesser på Europas beste internasjonale tippeliganivå med halvannan dobbelskru som Nils Johan Semb ville kalt det.

Det skjer ting i Trondheim. I dag kom Vinteren til byen. Eller i går eigentleg. Med tog. Ledtog. Han kjørte på minusprisbillett saman med Snø og Kulde, som óg steig av her og ser ut til å bli ei stund. Eg tok med meg det beste augemålet mitt ut i dag og estimerer 19 cm snø i nærmiljøet. Kanskje meir, men det tør eg ikkje tippe i frykt for å bli skuffa dersom nokon med linjal har målt djupna til noko mindre enn mitt tips. Uansett, vinteren er hjarteleg velkomen her etter mitt augemål.

Eg har alltid likt vinteren. Då eg var liten kunne eg sitje og sjå ut av vinduet på snøen som fall i lange tider, avbrote av nokre kjappe turar ut med linjalen. Hadde ikkje sofaen vendt bort frå glaset, ville eg kanskje gjort det i dag og. Lite er så flott som dalande snø.

Eg anbefaler det. Sett deg ned med kakao, kaffi, toddy eller te og sjå på snøen som fell. Og slapp av.

1 kommentarer:

LG sa...

Godt å ha deg tilbake! Nice .com-back.