fredag 18. juni 2010
Pulverbloggen
Bloggen er visst inne i ein tørkeperiode såvidt eg kan sjå. Det har skorta på skrivelysta i det siste. Tid har eg hatt nok av, sjølv om det er både fotball-VM på TV og kaffi som skal kokast. Nei, det er skrivelysta, eller fantasien, eller evnene, eller kanskje eg ikkje har gidda. Kanskje har eg ikkje så mykje eg skulle ha sagt til verda. Eg har ikkje så mange voldsomt spennande fakta å komma med, heller ikkje samfunnskritikk i krasse ordelag, eg har ikkje teke vakre bilete som kunne redefinert fotografikunsta for alltid, eller skrive eit dikt om sommarfuglar og pollinering som får tårene til å strøyme hos dei som les. Det eg har å komma med no til dags er tamt. Det er som Kjeldsberg pulverkaffi. Ein trur det er i det minste litt under gjennomsnittleg kaffi ein skal få, men ein får noko anna, noko ubestemmeleg som smakar litt fugl og litt fisk og litt gymsokk og resten sølepytt. Akkurat slik hadde det blitt om eg skulle prøvd meg på noko sprell her på bloggen no om dagen. Dette ville blitt Kjeldsberg pulverblogg. Verda har ikkje godt av nok eit Kjeldsberg pulverprodukt. Derfor blir det slik som dette. Lite som skjer, men det er altså til det beste for alle.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
8 kommentarer:
Jeg er fristet til å starte en "Vi som er for å bevare "Kake er godt""-gruppe på facebook.
Hmm, du kommer med et godt poeng der! Man skal være litt kresen på hva en får i seg, og da spesielt kaffetypen :D Jeg liker forresten å titte litt på det du skriver, og jeg blir underholdt! Håper du har det bra :)
Seriøst, mister. Du må oppdatere bloggen!
Jeg kunne godt ha tenkt meg en kopp pulverkaffe.
Hallo! Eg må vel kanskje oppdatera då når fansen kreve det. Det e faktisk ikkje umulig at det kan skje snart. Så ja. Følg med. Jada.
Jeg har gjort comeback så det må du også gjøre kompis :-) Hehe! Blogging for life!
Du, nå må du enten oppdatera eller så må me starta blogg ilag. På si. Og på sikt.
Done!
Legg inn en kommentar