På dagens 30 km gjekk det for andre gong dette OL i dass for Petter Northug og resten av det norske herrelaget. Det var staven til Northug og skia til Martin Johnsrud Sundby. Og skal eg tippe dogga det nok på brillene til Tord Asle Gjerdalen og Eldar Rønning glømte å bytte ski. Når skal dei ta seg saman og framstå som i det minste juniorløparar etter å ha kome i mål til eit skuffande resultat?
Ja, det er greit at det er skuffande og tragisk der og då. Men Martin Johnsrud Sundby, når du på mandag etter å ha gått 15 km fri, seier at du er fornøgd med ein 35. plass eller kva det var, då må du lenger inn i skauen med bortforklaringa di og overlessinga av skuld på smøreteamet. Og om det var skia, sei det til dei det gjeld, ikkje bus ut i media med klaging på smøreteamet.
For Petter Northug sin del er det samme prosedyre som på mandag. Gå rett forbi media, og heller snakke via trenarane. Det må gå an å stå foran kameraet til NRK i fem sekund og seie at han er skuffa, og at han må roe seg litt ned før han seier så mykje meir? Samtidig er det kanskje fornuftig av ledelsen å ikkje kritisere utøvarar og smøreteam for åpen mikrofon slik dei har gjort til nå i OL. Då er det vel betre å svelge eit par kamelar og bite i nokre sure eple, for så å ta det på bakrommet?
Håpet er at fornufta sigrar, at Petter Northug tek seg saman og viser seg som ein større mann enn han har gjort den første veka av OL. Han er altfor viktig for norsk langrennssport til å ikkje gjere det. Og han virkar egentlig som typen til det, når han berre får tenkt seg om. Ein angrande Northug vil nok bli tatt i mot med åpne armar.
I mellomtida kan han sjå på og lære litt av korleis gårsdagens gullvinnar, Aksel Lund Svindal, oppfører seg.
søndag 21. februar 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarer:
OL er ferdig. På tide å se framover mot nye opplevelser, følelser og blogginnlegg. Du må komme deg videre til det siste stadiet; acceptance.
Legg inn en kommentar