torsdag 28. januar 2010

Det nye

Det nye kapittelet er i gong. Fleire titals mol oppgåver er unnagjort i alle realfaga. Det er hardt, men av og til på grensa til lystbetont. I dag tok eg til dømes meg sjølv i å smile svakt basisk etter å ha høvla over to-tre reaksjonslikningar. Smilet forsvann dessverre kjapt då klorionet i oppgåva etter bestemte seg for å melde seg ut av samfunnet saman med sølvionet. Spør du meg, synes eg dei begge burde gi beskjed før dei feller seg ut på den måten, men dei om det.

Om eg skulle ha noko å klage på er det arbeidsmoralen som til tider ligg på nivå med ein derivert konstant. Heldigvis har den betra seg sjokkerande positivt i det siste, og eg vil utrope denne veka, enn så lenge, til den beste leseveka eg har hatt gjennom alle tider. Akkurat det seier forsåvidt ikkje så mykje. Men fortset det slik, kan dette bli eit hyggeleg halvår.
Så lenge kaffitraktaren fungerer, skal eg også halde koken.

3 kommentarer:

Bjørnar sa...

Hahaha :-D Herlig!

Ingrid Marie sa...

Godt å se du e igang igjen -både me blogginga og lesinga! Sterkt av dæ. Bare å stå på! Regne me Miss Sagberg e en go buffer;)

Kjenne nesten æ savne kjemien litt æ. Nesten.

Rændy sa...

Haha, full kontroll! Skal skaffe kjemibøkene så snabbt som möjligt;)