Eksamen står for døra. Igjen. Og dessverre. Det er ikkje eksamen i seg sjølv som er det verste. Det er pensum som er fienden.
For kva er det med dette pensumet? Nesten uansett kor interessant det i utgongspunktet er det som står på pensumlista, blir det så kjedeleg at eg held på å omkomme av akutt søvndyssing ved lengre eksponering. Hadde det berre vore nok å sjå på overskriftene og bildene, så greit. Men nei. All livsgnist skal ut av studenten. Om så det må antikk engelsk kombinert med latinske framandord i akkusativ til for å klare det, så skal ljoset i augene sløkkjast, rullegardina ned og skuta til bunns. Å ha fem-seks dementorar på kaffibesøk hadde vore alletiders i forhold til å vere i samme rom som den pensumlista.
Eg fryktar årsaka ligg i hovudet. Det verste av alt er dersom eg kan gjere noko med det. Då har eg ingen grunn til å ikkje lese pensum og arbeide med pensum på pedagogiske og lærerike måtar. For eg har god tid. Altfor god tid. Hadde eg berre hatt dårleg tid, kunne eg ha skulda på det. "Nei, eg har ikkje tid til å lese det der dessverre. Skulle svært gjerne gjort det, men eg må prioritere å kvile litt akkurat nå og eit par-tre-fire timar sånn at eg ikkje blir utbrent og sovnar på eksamen. Det skulle tatt seg ut." Eg kunne overtalt meg sjølv til å godta det. Hadde berre pensum vore større, hadde eg hatt dårleg tid. Det hadde passa meg midt i hjarterota.
Det triste er at alt i bøkene utanom det som er på pensumlista er megainteressant. Og eg les det ofte både med glede og antydningar til eit smil om munnen. Så kanskje er det sant likevel det gamle, tyske ordtaket; Es ist besser durch das gedenktes und wünschte Penzum zu shmügen, als auf Penzumliste klügen und Motivationen unterzügen! (Det er betre å liste seg gjennom det ein skulle ønske at var pensum enn å sjå på pensumlista og bli demotviert)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarer:
D virke som høstens studieliv kjæm t å passe dæ ypperlig! Pensumliste, ka e d? Da kan du bare lese alt og ingenting og ka som helst, for alt kan jo være relevant. Flott.
Håpe uansett du kom dæ i mål og e en heldig vinner av juleferie nu! :)
Legg inn en kommentar