- Nøkkelkort er lurt å hugse. Om du skulle gløyme det, oppdag det helst før du står utanfor ei dør du ikkje kjem inn og må sykle hundrevis av høgdemeter for å hente kortet
- Gamle damer ser alle distriktssendingane i reprise minst ein gong dagleg
- Alt som skjer i kommunal regi tar minst dobbelt så lang tid som utan regi
- Pasientar er useriøse og har sjeldan undersøkelsesbenk heime
- Ikkje all twist er ny twist
- Oreo-kake kan anbefalast
- 40+ år gamle fysiodamer kan vere meir fjortis enn ein fjortis
- Det finst folk som går i ullgenser og skinntights(?) på jobb
- Dei eldste kvinnelige pasientane er meir opptatt av korleis fysioterapistudenten og kjæresten hans, eller venninden som dei helst kallar ho, har det enn av å ta knebøy
- Å stå opp 07.00 kvar dag er intenst smertefullt og fører antakeligvis til akutt hjernesvinn.
- Praksis er hardt arbeid utan lønn
- Å ha ei venninde som lagar mat er alfa og omega
- Ver forberedt på å bli uthengt i lunsjen dersom nugatti er primærpålegg på nista. Stå i mot rugbrød- og agurkpresset.
lørdag 24. oktober 2009
Livsvisdom
Etter fem veker i praksis har eg faktisk lært litt. Eg har valgt å liste opp nokre av dei viktigaste tinga:
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
eheh. nugatti går aldri ut på dato! stå på
Eg skal ut i praksis med første dag av i alt tre veker i dag. Håpar eg slepp å oppleve same skrekkscenario som deg (ullgenser og skinntights..)
At å stå opp kl. 07.00 kvar dag over lengre tid fører til hjernesvinn tenkjer eg er opplagt, mange av dei som gjer det seier nemleg at ein blir vant til det og at det er det som er det normale (!)
Eg seier berre hald ut!
Torbjørn
Magisk=)
Ka e det med helsearbeidere og sånne fancy sunne "salatblad, agurk og minitomater på et stykke rugbrød"? Me må stå imot!
Legg inn en kommentar