torsdag 27. august 2009

Når sant skal seiast

Kor går eigentleg tregrensa? er eit spørsmål eg spør meg sjølv i ny og ne. Er det der det siste treet står? Ja, det er det. Men kva er det siste treet før barfjellet startar? Ei dvergbjørk, seier du? Javel, er du sikker på det? Ja, det er du nok. Men eg, med mine ekstremkunnskapar frå 2bi og 3bi, veit betre.

På biologiekskursjon til Voss i tredjeklasse fekk eg mitt livs, til då, største sjokk. På fjellet i Voss slapp biologilæraren bomba: Tregrensa er feil. Den går ikkje der den siste dvergbjørka klamrar seg fast til fjellet. Det er ikkje det siste treet på vegen mot himmelen!

Så kom åpenbaringa: Museøyre, den vesle veksta som klorar seg til det vindblåste berget oppover mot dei høgaste toppen, er ifølge Carl von Linnè eit tre. Ja, du såg rett. Museøyre er eit tre. Tregrensa er feil. Utallige menneske lever på ei løgn. Det trengs revolusjon innan tregrensemiljøet. Nye grenser må teiknast opp. Atlas må fornyast og handlast inn i hopetal til bibliotek verda over. Statar vil gå konkurs.

Men sånn må det bli.

Sanninga må fram.


Museøyre. Den rakkaren.

1 kommentarer:

Ann Kristin sa...

Du e visst ikkje heilt normal...eg kom heim fra ferie t ein kortslutta fryseboks som hadde brukt dei siste to vekene på å utvikle ein heller rikholdig biologi. D lukta vondt.