Naboen stilte med elektrisk hekksaks. Grøn attpåtil. Som om det ikkje var nok at ho var elektrisk. Skøyteledningen var beinklar til innsats, véret perfekt for hekkeklypping; delvis skya oppholdsvér med fare for lengre periodar med sol og rimelig god temperatur i indre strøk. På med shorts og Suldal kommune-t-skjorte. Og vernesko. Adrenalinet pumpar. Hørselvernet på.
Hekksaksmaskineriet startar på første forsøk. Hekken er vill å sjå til. Eg svingar saksa med lette og kvalitetsbevisste bevegelsar. Vertikalt langs sida på hekken så kvistane fyk. Eg temmer hekken med autoritet. Her er det eg som er sjefen. Med saksa som pensel utfaldar eg meg og maler fantastiske bilete i buskverket.
På null komma niks er sida på hekken flådd. Det er tid for å ta toppen. Eit slit er det. Armane over hovudet så lenge at ein skulle tru det ikkje gjekk an. Og det gjer det heller ikkje for mannen i gata. Men eg er ikkje mannen i gata. Eg er guten i hagen.
Berre utsida står att. Og for ei utside. Hekken har tatt seg til rette utan sjenanse. Men ikkje nok med det. Her er det svært få centimeter å setta føtene på. Går ein for langt ut, er det rett ned stupet. Enkelte hevdar at stupet er eit par meter og ikkje spesielt farleg. Dei om det. Stup er stup. Stup tar liv.
Eg flirte av stupet og friserte hekken med fynd og klem. Resultatet var ikkje til å ta feil av. Eit kunstverk. Ei gåve frå meg til samtida og komande generasjonar. Mange vil påstå at dei sjeldan har sett eit menneske arbeide så uanstrengt og inspirert med ei hekksaks. Og i så ung alder. Eit førebilete vil mange hevda. Eg vil ikkje kommentera akkurat det. Eg lar hekken tala for meg.
3 kommentarer:
Hahahahaha! Har du blitt tvingt t kluppa hekken nå ja. D gjorde eg me saks i fjord, ein dag du ikkje ville leka me meg...for du sko se tour de france...
Jan Tore er tøff!
(Ann Kristin og.)
Legg inn en kommentar