onsdag 4. november 2009

Singing along! Simon Cowell is singing along!

Den freshaste auditionen eg har sett innen talentkonkurransesjangeren.

lørdag 24. oktober 2009

Livsvisdom

Etter fem veker i praksis har eg faktisk lært litt. Eg har valgt å liste opp nokre av dei viktigaste tinga:
  • Nøkkelkort er lurt å hugse. Om du skulle gløyme det, oppdag det helst før du står utanfor ei dør du ikkje kjem inn og må sykle hundrevis av høgdemeter for å hente kortet
  • Gamle damer ser alle distriktssendingane i reprise minst ein gong dagleg
  • Alt som skjer i kommunal regi tar minst dobbelt så lang tid som utan regi
  • Pasientar er useriøse og har sjeldan undersøkelsesbenk heime
  • Ikkje all twist er ny twist
  • Oreo-kake kan anbefalast
  • 40+ år gamle fysiodamer kan vere meir fjortis enn ein fjortis
  • Det finst folk som går i ullgenser og skinntights(?) på jobb
  • Dei eldste kvinnelige pasientane er meir opptatt av korleis fysioterapistudenten og kjæresten hans, eller venninden som dei helst kallar ho, har det enn av å ta knebøy
  • Å stå opp 07.00 kvar dag er intenst smertefullt og fører antakeligvis til akutt hjernesvinn.
  • Praksis er hardt arbeid utan lønn
  • Å ha ei venninde som lagar mat er alfa og omega
  • Ver forberedt på å bli uthengt i lunsjen dersom nugatti er primærpålegg på nista. Stå i mot rugbrød- og agurkpresset.

fredag 9. oktober 2009

Altså, ...

... det blir nok ikkje blogging idag heller.

torsdag 17. september 2009

Avslag på grått papir

Eg har bestemt meg.

Dei neste sju vekene må eg takka nei dersom Drillo ringer og inviterer meg til innsats for det norske landslaget i fotball. Eg har meir enn ein grunn for det beklagelege avslaget. For det første skal eg i praksis dei neste sju vekene. I løpet av desse vekene kan eg ha maksimalt 20% fråver dersom eg skal unngå å måtta ta praksisen på ny til neste år. Eit landslagsoppdrag vil gjera at fråveret mitt blir heilt på grensa. Og skulle eg då bli sjuk eit par dagar heilt på tampen med for eksempel tuberkulose, må eg ta alt på ny til neste år. Det kan eg ikkje risikera.

For det andre må eg prioritera innsatsen på bedriftslaget eg har blitt med på i serieinnspurten. Sjuarfotball er mykje meir krevande både taktisk og fysisk enn landslagsfotball. Eg vil derfor ikkje ha det nødvendige overskuddet til å bidra med ekstremkvalitetar på landslaget.

For det tredje må fritida mi til ei viss grad gå til pensumlesing.

Eg beklagar på det grovaste det inntrufne.

mandag 7. september 2009

Heldiggrisen

Tilogmed den vanlegvis så beinharde mandagen er som ein dans til vakker trekkspelmusikk i hennar selskap.

Og forresten. Når ho smiler, smiler ho med augene.

Seriøst.


For eit kupp.

torsdag 27. august 2009

Når sant skal seiast

Kor går eigentleg tregrensa? er eit spørsmål eg spør meg sjølv i ny og ne. Er det der det siste treet står? Ja, det er det. Men kva er det siste treet før barfjellet startar? Ei dvergbjørk, seier du? Javel, er du sikker på det? Ja, det er du nok. Men eg, med mine ekstremkunnskapar frå 2bi og 3bi, veit betre.

På biologiekskursjon til Voss i tredjeklasse fekk eg mitt livs, til då, største sjokk. På fjellet i Voss slapp biologilæraren bomba: Tregrensa er feil. Den går ikkje der den siste dvergbjørka klamrar seg fast til fjellet. Det er ikkje det siste treet på vegen mot himmelen!

Så kom åpenbaringa: Museøyre, den vesle veksta som klorar seg til det vindblåste berget oppover mot dei høgaste toppen, er ifølge Carl von Linnè eit tre. Ja, du såg rett. Museøyre er eit tre. Tregrensa er feil. Utallige menneske lever på ei løgn. Det trengs revolusjon innan tregrensemiljøet. Nye grenser må teiknast opp. Atlas må fornyast og handlast inn i hopetal til bibliotek verda over. Statar vil gå konkurs.

Men sånn må det bli.

Sanninga må fram.


Museøyre. Den rakkaren.

tirsdag 28. juli 2009

Hekketid

I dag var dagen. Dagen med stor D og kursiv i almanakken. Dagen så mange har venta på. Tysdag 28. juli. Dagen då hekken skulle klyppast.

Naboen stilte med elektrisk hekksaks. Grøn attpåtil. Som om det ikkje var nok at ho var elektrisk. Skøyteledningen var beinklar til innsats, véret perfekt for hekkeklypping; delvis skya oppholdsvér med fare for lengre periodar med sol og rimelig god temperatur i indre strøk. På med shorts og Suldal kommune-t-skjorte. Og vernesko. Adrenalinet pumpar. Hørselvernet på.

Hekksaksmaskineriet startar på første forsøk. Hekken er vill å sjå til. Eg svingar saksa med lette og kvalitetsbevisste bevegelsar. Vertikalt langs sida på hekken så kvistane fyk. Eg temmer hekken med autoritet. Her er det eg som er sjefen. Med saksa som pensel utfaldar eg meg og maler fantastiske bilete i buskverket.

På null komma niks er sida på hekken flådd. Det er tid for å ta toppen. Eit slit er det. Armane over hovudet så lenge at ein skulle tru det ikkje gjekk an. Og det gjer det heller ikkje for mannen i gata. Men eg er ikkje mannen i gata. Eg er guten i hagen.

Berre utsida står att. Og for ei utside. Hekken har tatt seg til rette utan sjenanse. Men ikkje nok med det. Her er det svært få centimeter å setta føtene på. Går ein for langt ut, er det rett ned stupet. Enkelte hevdar at stupet er eit par meter og ikkje spesielt farleg. Dei om det. Stup er stup. Stup tar liv.

Eg flirte av stupet og friserte hekken med fynd og klem. Resultatet var ikkje til å ta feil av. Eit kunstverk. Ei gåve frå meg til samtida og komande generasjonar. Mange vil påstå at dei sjeldan har sett eit menneske arbeide så uanstrengt og inspirert med ei hekksaks. Og i så ung alder. Eit førebilete vil mange hevda. Eg vil ikkje kommentera akkurat det. Eg lar hekken tala for meg.